fredag 18. desember 2009

Are Kalvø: "Nød"


Boktittel: Nød
Forfattar: Are Kalvø
Forlag: Det Norske Samlaget
Utgjevelsesår: 2004 Sider: 336
Terningkast: 4

”Nød” er den første boka Are Kalvø har skrevet. ”Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia.” Boka opnar med at hovudpersonen bli lottomilionær og bestemmar seg for å gjere opp igjen for at han og vennen Tom behaldt pengane dei samla inn for svoltne ungar i Etiopia. Dette er ei historie om ein ordinær fyr som startar innsamlingsaksjonen "Lottomillionærar for Afrika” med inspirasjon etter Bob Geldof og Live Aid. For ikkje å røpe for mykje, veljar eg å ikkje skrive meir om handlinga i seg sjølv.

Are Kalvø skriv godt og klarar å fortelja om verdas urettferdigheit og om dårlig samvit. Boka er lettlest, med gode formuleringar og beskrivingar. Han skriv på ein måte morosam og spennande måte, som gjør at boka blir ein glede å lese. Samtidig skriv han godt nok til at lesarane får kjenne litt på følelsen av verdas fattigdom og dei store spørsmåla rundt det. Eg fekk løyst til å donere bort halve sparekontoen min etter å ha lest denne boka. Eg anbefalar boka til dei som likar humoren til Are Kalvø, og viss ikkje, så er dette et bra første steg! Eg likar Are Kalvø og hans leikende lette humor og måte å skrive på, så eg gir den terningkast 4.


onsdag 18. november 2009

O store norsklærer Rut..