fredag 18. desember 2009

Are Kalvø: "Nød"


Boktittel: Nød
Forfattar: Are Kalvø
Forlag: Det Norske Samlaget
Utgjevelsesår: 2004 Sider: 336
Terningkast: 4

”Nød” er den første boka Are Kalvø har skrevet. ”Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia.” Boka opnar med at hovudpersonen bli lottomilionær og bestemmar seg for å gjere opp igjen for at han og vennen Tom behaldt pengane dei samla inn for svoltne ungar i Etiopia. Dette er ei historie om ein ordinær fyr som startar innsamlingsaksjonen "Lottomillionærar for Afrika” med inspirasjon etter Bob Geldof og Live Aid. For ikkje å røpe for mykje, veljar eg å ikkje skrive meir om handlinga i seg sjølv.

Are Kalvø skriv godt og klarar å fortelja om verdas urettferdigheit og om dårlig samvit. Boka er lettlest, med gode formuleringar og beskrivingar. Han skriv på ein måte morosam og spennande måte, som gjør at boka blir ein glede å lese. Samtidig skriv han godt nok til at lesarane får kjenne litt på følelsen av verdas fattigdom og dei store spørsmåla rundt det. Eg fekk løyst til å donere bort halve sparekontoen min etter å ha lest denne boka. Eg anbefalar boka til dei som likar humoren til Are Kalvø, og viss ikkje, så er dette et bra første steg! Eg likar Are Kalvø og hans leikende lette humor og måte å skrive på, så eg gir den terningkast 4.


3 kommentarer:

  1. Du har skreve ei god bokanalyse! Vurderinga di er tydeleg kritisk, men likevel objektiv. Eg har sjølv lest boka, og syntes historia var fascinerande. Eg syntes likevel ikkje boka var heilt truverdig.
    Eg er einig med deg om humoren til Kalvø, akkurat passe spesiell og særeigen. Han har ein samfunnskritisk måte å skrive på, noko som gjer at ein kanskje gjer seg nokre tankar når ein les!?

    SvarSlett
  2. Dette er jo den samme boka som eg har lest sjølv, og vi er vel jamnt over ganske enige.

    Du delar opp anmeldinga i to delar: ein med ein kort oppsummering, og ein med kva du synest om korleis du har opplevd boka. Det er bra!

    Eg er spesielt enig med deg om at Kalvø har eit meget lett og morosamt språk.

    SvarSlett
  3. God bokmelding. Godt referat av inhald, og du greiar godt ut om dei ulike verkemidla forfattaren brukar. bra.

    SvarSlett